JazzBukk

JazzBukk er eit prosjekt i regi av jazzmusikar, bukkehornspelar og komponist Karl Seglem frå Årdalstangen. Føremålet er auka tilgang på bukkehorn til instrument, skapa auka interesse for å spela på bukkehorn, og å fremja større mangfald i norsk geitehald.

Karl Seglem kan i år feira 30 år som sjølvstendig frilansmusikar! Han markerer dette m.a. ved å gje ut cd-samling med eigen musikk, der bukkehorn er sentralt. Redaktøren av denne heimesida kan og markera 30 år som sjøleigande småbrukar! Og då kan det vera på tide med litt nye vinklingar og idear. Dert var veldig lett og svara JA til invitasjonen om å vera ansvarleg for bukkehaldet i prosjektet.

Dei mest sentrale aktørane; bukkane Jazz og Buster, skal få eit godt bukkeliv. Para geiter i desember, få mat og drikka gjennom vinteren, daffa rundt og gjera ingentin resten av året.

JazzBukk er eit såkalla folkefinansieringsprosjekt. Slik finansiering er mykje brukt i t.d musikkbransjen. Enkelt sagt fungerer det slik: Kostnaden ved å gje ut ei plate vert finansiert ved at interesserte kundar betalar plata på førehand. Om det ikkje kjem inn nok midlar innan oppsett frist, vert ikkje den plata produsert, og kjøparane får pengane attende.

For JazzBukk er det såleis sal av Karl Seglem sine cd-ar, konsertar, instrument, m.m. som finansierer kostnaden ved prosjektet ( kost og losji for Jazz og Buster m.m.)

Hardu sans for inspirerande og særprega musikk? Ynskjer du å støtta utvikling av eit spesielt handverk som bukkehorntilverking? Vil du vera med å fremja eit allsidig norsk geitehald?

Då kan du syna det i praksis ved å kjøpa noko av det som Karl Seglem no har tilbod om! Det gjer du her:

www.pledgemusic.com/projects/jazzbukk

Meir om Karl Seglem her:

www.karlseglem.no

Bukkehornmakar Magnar Storbækken:

www.naturinstrumenter.no

 

 

Jazz: Juli 2015
Buster: Juli 2015
Jazz: Oktober 2016
Buster: Oktober 2016
Jazz og Buster januar 2017
Jazz og Buster januar 2017