Livdyr

Killingane våre er fødde frå seint i april til midt i mai. Dei er leveringsklare første veka i oktober. Me sel geitekillingar og bukkekillingar til avlsdyr, og kastratar til den som ynskjer nokre dyr til landskapspleie m.m. Me har og vaksne bukkar til sals.

Bukkekillingar til avl må tingast innan 15 mai, grunna kastrering.

Buskapen er reigistrert i Ammegeitkontrollen frå oppstarten i 2003. Og har delteke i helseprogrammet Friskare geiter frå 2006. Dei første åra med blodprøvetaking, og no årlege mjølkeprøvar.

 

Nokre nyttige tips:

- Bestill livdyr i god tid før planlagd oppstart.

- Kjøp livdyr frå berre ein buskap.

- Hugs at geiter er flokkdyr som trivst best fleire i lag.

- Skaff deg kunnskap om det geitehaldet du vil starta med.

 

Det er no vedteke ny forskrift om dyrehelse som får visse følgjer for m.a. livdyrhandel. Her er nokre viktige punkt:

- Det er forbode å føra hodyr av geit frå ein geitebuskap til ein annan. Så om du vil auka buskapen din, må du rekruttera frå eigne dyr. Mattilsynet kan ved spesielle høve gje løyve til slik overføring.

- Ved alt livdyrkjøp skal det følgja med :

- Eigenerklæring frå seljar.

- Veterinærattest.Ikkje eldre enn 7 dagar ved flytting.

- Dokumentasjon på at buskapen er fri for CAE og Paratuberkulose

I praksis betyr dette at det ikkje er lov å selja / kjøpa geit (av alle kjønn) utan dokumentert helsestatus!!

Mattilsynet skal ha melding om oppstart av alt geitehald før du startar. Pass på det!

 

Nye livdyrregionar.

Dei fylkesvise livdyrregionane er no erstatta med 4 store regionar. Sogn og Fjordane og Hordaland (minus Etne og Sveio) er no ein slik region. Tidlegare soneinndeling i desse to fylka er og oppheva. livdyr av geit kan no seljast i heile dette området. Men det er forbode å selja geit ut av regionen.