Gjerdehald

Alle utegåande husdyrslag krev gode og tenlege gjerdeløysingar. Gjerde skal kunna halda beitedyra innanfor eit avgrensa område, eller halda dei på utsida. Gjerde skal ikkje vera til fare for folk eller dyr. Godt gjerdehald er grunnlaget for god beitedrift, er arbeidssparande for husdyreigaren, og det skapar fred mellom grannar.

Redaktøren av denne sida har opparbeida seg ymse erfaringar med gjerde for sauer og geiter. Og vil prøva å formidla nokre av desse erfaringane.

Alle husdyrartar er læreviljuge. Dei let seg påverka både på godt og vondt. Jobben vår som husdyreigar vert då å gje dei gode vanar frå starten. Det vil sei å starta med gode gjerde frå første dag. Sjølvsagt er det skilnad mellom på ulike dyreslag; nokre er meir pågåande og utforskande enn andre. Men stort sett går dei etter maten, og den veks for det meste nede på bakken. Det vil sei at gjerdet må "vera tett i rota", det er der presset er størst. Både sauer og geiter borar og kryp meir under gjerdet enn dei hoppar over.

Denne sida vil ta utgangspunkt i gjerde for geit. Geita er krevjande å halda på rett side av gjerdet, dette gjeld og kasjmirgeita! For permante gjerde nyttar eg to typar: Nettinggjerde kombinert med straumtråd(ar) på geitesida. Straumgjerde med ståltråd i 4-5 høgder.

NETTINGGJERDE + STRAUMTRÅD

Om du har nettinggjerde av bra kvalitet, kan du forsterka dette med ein straumtråd på geitesida av gjerdet. Ein rimeleg og god løysing. Det kan og vera aktuelt å setja opp nye gjerde på denne måten. Set opp tråden omlag 30 cm over bakken, og 20 cm utifrå nettingen. Bruk 2 mm ståltråd. Det finst 20 cm lange isolatorar til slikt bruk, men desse toler veldig lite snøpress før dei bøyger seg og brotnar. Alternativet er å bruka vanlege skruisolatorar festa på eigne stolpar.

Dette vert eit godt og sikkert gjerde som held utbrytarane på plass. Har du vanskelege dyr, kan det vera lurt med ein straumtråd på toppen og. På det første gjerdet eg sette opp av denne typen brukte eg to straumtrådar (30 og 50 cm over bakken). Men det er ikkje naudsynt. Det tek meir tid å fjerna vegetasjonen under gjerdetråden på grunn av kort avstand til nettingen.

 

PERMANENT STRAUMGJERDE MED 4 TRÅDAR

Dette er eit godt gjerde når gjerdet er godt nok oppsett, straumen virkar som den skal og dyra har lært seg å respektera straumgjede! Det er og den rimelegaste gjerdetypen. Veldig viktig at straumtrådane følgjer terrenget nøye. Geiter kryp lett under gjerdet dersom tråden er for høgt over bakken. Eg festar tråden 20, 40, 60 og 90 cm over bakken. Stolpeavstanden varierer med terrenget. Men i godt lende brukar eg 5 m mellom stolpane. Bruk 2,5 mm ståltråd, strammehjul, skikkelege isolatorar og stolpar. Endestolpar og hjørnestolpar må festast og avstivast godt. Slike  gjerde krev god oppstramming av tråden for å fungera. Ved montering av tråden brukar eg eit stativ for utdraging.

DRIFT OG VEDLIKEHALD AV PERMANENTE STRAUMGJERDE

Denne gjerdetypen krev meir tilsyn gjennom beitesesongen enn vanlege nettinggjerde. Gras og anna vegetasjon må fjernast for at gjerdet skal fungera på beste måte. Lengd på vekstsesongen, vegetasjonstype og beitepress avgjer kor ofte jobben må gjerast.  Eg brukar motorryddesag med grastrimmartråd (hovud med 4 trådar).Giftsprøyting er sjølvsagt heilt uaktuelt! Kontroller at det er straum på gjerdet, helst ein gong i veka. Geiter er snøgge til å finna ut slikt på eiga hand!

I område med mykje snø, snøbrøyting og snøskred, er det lurt å leggja ned tråden før snøen legg seg. Det er berre å slakka ut strammehjula og hekta tråden ut av isolatorane. Endefesta til tråden treng du ikkje løysa opp. Ikkje noko gjerde, heller ikkje permanente straumgjerde toler tunge brøytekantar, snøskred eller orkan-felt skog.

Vårvedlikehaldet vert å hengja oppatt tråden og stramma den.

GJERDEAPPARAT OG STRAUMFORSYNING

Tilgang på nettstraum er sikraste straumforsyning, og gjer at du kan velja apparat med stor styrke. Men batteridrevne gjerdeapparat er og veleigna. Desse kan brukast saman med solcellepanel. Ver merksam på at batteridrevne apparat med stor styrke krev mykje straum, og du må lada batteriet ofte.

Jording av gjerdeapparatet er svært viktig. Oppskrifta frå dei fleste leverandørar seier 3 stk galvaniserte jordspyd (1m lange), slå desse heilt ned i fuktig jord i ein trekant med 2 m avstand mellom spyda, kopla dei saman med straumførande kabel inn på jordingsuttaket på gjerdeapparatet.