Skinn og ull

 

Nett no har vi godt utval i geite- og killingskinn i dei fleste fargar. Vi har og kasjmirgarn. For musikaren og instrumentmakaren skaffar vi geite- og bukkehorn.

Kambing av ull

Geitene våre røyter ulla frå februar til april. Dei må kambast i byrjande røyting, elles vil dei klø av seg ulla på innreiing, tre og busker. For å finna rett tidspunkt  for kambing, er det naudsynt å testa alle dyra minst ein gong for veka. Dra kamben nedover sida på geita. Om du då får med ull, er det tid for kambing. Kamb både nedover og bakover, for å få med mest mogeleg ull. Pass på å følgja retninga på hårlaget til geita. Når kamben er full, tek du av ulla og legg den i ein papir-bærepose. Det tek lang tid å kamba ei geit, ofte 15 - 20 minutt. Men det varierer sjølvsagt mellom dyra.

Det er den mjuke og finfibra botnulla til kasjmirgeita som er ettertrakta. Dei grove dekkhåra (ragget) vert skild ut på spinneriet. Nokre geiter slepper dekkhåra samstundes med botnulla, og det vert mykje svinn på spinneriet. Slike geiter kan vi som oftast lata vera å kamba. Hjå dei fleste vil det alltid følgja med noko dekkhår, utan at det er noko problem. Det er og fullt mogeleg å spinna slik ull på rokk, for dei som kan den kunsten. Slikt garn har og sine gode bruksområde.

Vi har avla fram ein fargerik kasjmirgeiteflokk. Og med det får vi og farga ull, frå lys kvit til mørke gråfargar. Men botnulla er aldri så mørk som dekkhåra. Svarte geiter har ei mørk gråfarga botnull. Under kambinga er det lurt å gjera ei grovsortering. Kvitt for seg, lysare blandingar for seg, og så det mørkaste. Vi har blanda kvitt og lyse blandingar før spinning, med godt resultat (sjå bilde).

Prøv og hald ulla fri for rusk og rask. Plukk det vekk før kambing. Det forringar kvaliteten på sluttproduktet, og er vanskeleg og kostbart å fjerna på spinneriet. Ull må oppbevarast i høvelege papirposar, og turt og luftig.