Geitene har full inneforing frå tidleg november til tidleg mai. På dagtid kan dei gå ut og inn av fjøsen som dei vil. Ute får dei servert skog av ymse slag. Så lenge det ligg snø på marka, går
dei ikkje så langt. Men så fort snøen er vekke, streifar dei over området på jakt etter godsaker. Tilgjengeleg areal er på denne tida stort sett dyrka mark. Frå tidleg april og utover forsyner dei seg av det som finst
av grøne spirer. Sidan geitene kan gå ute heile inneforingstida, får dei ein veldig god overgang til beiteperioden.
Etter kjeing er det viktig å kontrollera dagleg at killingane tømer juret skikkeleg, og at dei syg
jamnt på begge sider. Om det ikkje vert gjort, endar det med mjelkesprengd jur og såre spenar. Juret kan i verste fall verta øydelagd. Beste måten å unngå dette på, er å mjelka vekk overskotsmjelka
til killingane greier jobben sjølve. Slik mjelk, både frå råmjelkperioden og seinare, er sjølvsagt prima råvare i eige hushald.
Klauvstell er viktig. Dårleg stelte klauver gjev geita ei
dårleg beinstilling, og dei kan medføra sjukdom og lidingar for geita. Det vert nytta både kniv og tang. Vi gjer dette arbeidet tre gonger for året: Ved innset i november, tidleg i mars, og ved flytting på sommarbeite
i mai / juni. På den måten held vi klauvveksten under kontroll, og vi sjekkar samstundes at geita har friske føter. Vi nyttar ein spesiell kniv med heller kort og tunt blad.Arbeidet går lettast når klauvene er mjuke. Då
er det og minst ubehageleg for geita.
Helsetilstanden på flokken er generelt god. Men av og til dukkar det sjølvsagt opp sjukdom. Då er dyrlegen på plass, som oftast med godt resultat. Vi praktiserer førebyggjande
behandling mot innvollssnyltarar av både vaksne og killingar to gonger for året: Tidleg sommar og ved innsetjing om hausten. Resultata frå avføringsprøvar tilseier at det ikkje er naudsynt med behandling mot koksidiose.
Nokre gonger har geitene fått lus. Det vert då behandla mot det. Vi har ingen faste vaksinasjonsprogram. Buskapen har vore med i helseprogrammet Friskare geiter sidan 2006.
Ammegeitkontrollen er nyttig for å registrera avdrott og slekt.
Ved avlsarbeid og livdyrhandel er det heilt avgjerande med kontroll på slektskap. Flokken vår er no registrert heilt frå starten i 2003 og fram til i dag.