Landskapspleie

Geiteflokken vert aktivt nytta i kulturlandskapspleie. Oppdragsgjevar kan vera sogelag, grunneigarlag, offentlege etatar, privatpersonar m.m. Standard opplegg er organisert omlag slik:

Oppdragsgjevar leiger geiteflokken for ein avtala sum pr dyr og månad. Kostnader med  gjerdehald og tilsyn med dyr er oppdragsgjevar sitt ansvar. Det vert sett opp skriftleg avtale for kvart oppdrag.

Vi hjelper gjerne til med planleggjing av slike oppdrag, og kan ta oss av det praktiske med gjerdehald og tilsyn om det er ynskjeleg.

Frå husmannsplassen Stuaflåten i Luster
Frå stølen Vatnasete i Sogndalsdalen