Livdyr

Buskapen har vore med i helseprogrammet Friskare geiter sidan 2006, og i ammegeitkontrollen sidan oppstart i 2003. Vi sel helst livdyr innan Sogn og Fjordane fylke. Men om du ikkje får tak i dyr i ditt eige fylke, prøver vi å hjelpa så godt vi kan. Nyttige og viktige tips får du uansett med på kjøpet. Så ta kontakt no, slk at vi kan gjera avtalar.

Nokre nyttige tips:

- Bestill livdyr i god tid før planlagd oppstart.

- Kjøp helst livdyr frå berre ein buskap.

- Hugs at geiter er flokkdyr som trivst best fleire i lag.

- Ver tidleg ute med søknad til Mattilsynet, pass på oppfølgjing av søknaden.

Killingane våre vert fødde frå seint april til midt i mai. Dei er leveringsklare første veka i oktober. Vi sel geitekillingar og bukkekillingar, og gjerne kastratar til dei som treng nokre dyr til landskaspspleie. Vi kan og levera vaksne bukkar etter nærare bestilling.

Bestilling på bukkekillingar til avl må vi få inn før 15 mai.